Retrett ved Geir Gundersen - a podcast by NRK

from 2021-01-31T22:10:42.023393

:: ::

Jesus tok vare på sin fridom. Han let seg ikkje sluke av gjerninga si, og han let seg ikkje fange av menneska han gjorde vel mot. Han sende folk og læresveinar frå seg for å vere aleine med seg sjølv og Far sin i himmelen, for å be. Eg var mykje eldre enn Jesus då eg oppdaga kor nødvendig det var for ein som vil følgje etter Jesus, å vere aleine saman med Gud, hjarte mot hjarte. Det er det som heiter bøn. Geir Gundersen er teolog og tidlegare generalsekretær i Blå Kors.

Further episodes of Andakten

Further podcasts by NRK

Website of NRK