Sanninga som set fri ved Esther Moe - a podcast by NRK

from 2021-01-31T22:10:42.023393

:: ::

Jesus tar ikkje lett på leveregler for menneskelivet, men det er ikkje fordi ting skal sjå bra ut frå utsida. "Sanninga skal setja dykk fri", er ikkje ein regel som fortel at løgn og halvsanningar gir anmerkningar. Nei, Jesus fortel det me alle ein eller annan gong har opplevd. At det å snakka heilt sant, ta vekk filter av løgn og fortielse, ber i seg ei enorm frigjerande kraft. Sjølv om det kan kosta, sjølv om det kan vera ein kamp å komma dit. Esther Moe er redaktør i Suldalsposten og kjend som twitterdronninga frå Ryfylke.

Further episodes of Andakten

Further podcasts by NRK

Website of NRK